17.11.2021
OU1/OU2
E-læring: Introduksjonskurs for alle nye tilsette i Den norske kyrkja
E-læringskurs i sju delar

Styra for OU1 og OU2 har gått saman om å utvikla eit felles introduksjonskurs for nye tilsette i Den norske kyrkja. Formålet er å gje ein fyrste hjelp i å finne seg til rette i Den norske kyrkja som organisasjon og som arbeidsplass.

Kurset inneheld sju modular:

1. Den norske kyrkja i går, i dag og i framtida
2. Kyrkja si organisering og finansiering
3. Kyrkjebygg og kyrkjegard
4. Møte med menneske
5. Tru, fellesskap og mangfald
6. Dei tilsette sine rettar og pliktar
7. Helse, miljø og sikkerheit (HMS)

Sju modular à 30-40 minutt

Du tar kurset ved å få tilsendt ein link til læringsverktøyet Learnifier. Kurset inneheld filmar, portrettintervju, «les sjølv»-tekstar, quiz, spørsmål til samtale og anna. Det vil og bli lagt ut tilleggsmateriale for den som ynskjer å lese meir om det einskilde tema.

Ein modul tek om lag 30 til 40 minutt. Kursdeltakar kan arbeide seg gjennom modul for modul på eigen hand, til dømes over to dagar.

– Vi vil oppmuntre til å stoppe opp, samtale med kollegaer eller næraste leiar om dei ulike tema undervegs. Etter gjennomført elærings-kurs oppmodar vi til å delta på nasjonale innføringskurs/fagdagar for nye tilsette, i regi av OU1-ordninga for dei som er tilsette i kyrkjelege fellesråd, eller innføringsprogrammet for nye prestar i regi av Bispemøtet for prestar tilsette i rDnk, seier prosjektleiar Eldbjørg Leinebø Ekre.

Breidt forankra kurs

I arbeidsgruppa har følgande delteke: Bjarne Kjeldsen (Fagforbundet), Thor Henning Isachen (Creo), Ole Johannes Huse som etterkvart vart erstatta av Anna Grønvik (Presteforeininga), Jens A. Bjelland (KA).

Kurset er breidt forankra, med involvering av fleire representantar frå fleire fagforeiningar, KA, Bispemøtet, Kyrkjerådet og hovedverneombodet i rDnk.

VON kommunikasjon har utarbeida alt av videoinnhald og animasjon.

Tilgang til kurset
Kurset ligger i e-læringsplattformen Learnifier. For tilgang kan du trykke her og lage deg ein brukar. Du blir så bedt om å fullføre registreringa ved å trykke på ei lenke i ein automatisk tilsendt e-post. Tilgang til kurset er gratis.

Når du har registrert seg, får du tilgang til kurset i fire veker. Etter dette mistar du automatisk tilgang. Vi oppmodar til at både leiarar og nye tilsette lagar kvar sine brukarar, så begge har tilgang og kan diskutere innhaldet med same utgangspunkt.

Du kan også lese meir om kurset her: Les meir og kom i gong her!

Både arbeidsgjevar og arbeidstakar vil ha tilgang til kurset i ei periode på 4 veker. Dette gir ein god mulegheit for arbeidsgjevar å følge opp nye tilsette i den fyrste fasen i ny jobb.

Det vil bli utvikla modul 8 og modul 9 innan utgangen av 2025. Tema for modul 8 vil vere yrkesidentitet, modul 9 vil omhandle soknerådets rolle.

Pris: Kurset er heilfinansiert av OU1 og OU2, og er difor gratis for alle tilsette i Den norske kyrkja.

 
Powered by Cornerstone